Hopp til innhold
Logoen til KrF.
Logoen til KrF.
X
Innhald

Kristeleg Folkeparti

Kristeleg Folkeparti, norsk politisk parti, stifta i 1933. Partiet var eit verdiparti for kristne, men har med tida fått ein breiare appell.

Kristeleg Folkeparti (KrF) vart danna fordi kristne veljarar og politikarar meinte at dei etablerte partia ikkje tok nok omsyn til påboda i kristendomen. Partiet var eit talerøyr for dei kristne organisasjonane og stod i fronten mot dei som ville svekkje den plassen kristendomen hadde i samfunnet.

Dei viktigaste sakene for partiet har vore verdisaker som abortspørsmålet, ein familiepolitikk som inneber gode støtteordningar for familiar, og hjelp til fattige, nasjonalt og globalt. Ein kan sjå politikken til Kristeleg Folkeparti i lys av den kristne etikken, men i politiske debattar appellerer politikarane i partiet til allmenne verdiar med breiare forankring.

Den første leiaren var Ingebrigt Bjørø. Nils Lavik, Kjell Bondevik og Kjell Magne Bondevik har vore blant dei viktigaste politikarane i partiet.

Ved inngangen til 2015 hadde Kristeleg Folkeparti 29 712 medlemer. Partiet har vore representert på Stortinget i alle stortingsperiodane etter at partiet vart skipa, og hadde i perioden 2011–15 17 ordførarar i norske kommunar. Det har vore to statsministrar frå Kristeleg Folkeparti i norsk politisk historie, og etter dei første partidanningane i Noreg i 1884 og fram til 2013 har Kristeleg Folkeparti hatt statsministeren i til saman elleve av åra.

Samarbeidsavtale med regjeringa

KrF stod på staden kvil etter Stortingsvalet 2013 og fekk ti mandat. Partiet fekk ein oppslutnad på 5,6 prosent. Partiet gjekk inn i regjeringssonderingar med Høgre, Framstegspartiet og Venstre, men valde å stå utanfor regjering. Høgre og FrP danna regjering åleine, men med ein omfattande samarbeidsavtale med KrF og Venstre som ein parlamentarisk basis for Solberg-regjeringa.

I avtalen er det òg ein klausul om at KrF og Venstre kan kome inn i regjeringa i denne stortingsperioden når dei måtte ønskje det. Før valet i 2017 markerte KrF sterkare motstand mot Framstegspartiet. Dei to partia hadde i fleire saker, særleg om innvandringsspørsmål, stått mot kvarandre i perioden 2013–17. KrF ønskte etter valet i 2017 primært eit regjeringsparti med Høgre og sentrumspartia.

Etter valet i 2013 inngjekk Høgre- og Frp-regjeringa ein omfattande samarbeidsavtale med KrF og Venstre. Her frå signeringa av avtalen 30. september 2013. Frå venstre: Venstre-leiar Trine Skei Grande, KrF-leiar Knut Arild Hareide, Høyre-leiar Erna Solberg og Frp-leiar Siv Jensen. Skjermdump frå NRK nyheiter.

Etter valet i 2013 inngjekk Høgre- og Frp-regjeringa ein omfattande samarbeidsavtale med KrF og Venstre. Her frå signeringa av avtalen 30. september 2013. Frå venstre: Venstre-leiar Trine Skei Grande, KrF-leiar Knut Arild Hareide, Høyre-leiar Erna Solberg og Frp-leiar Siv Jensen. Skjermdump frå NRK nyheiter.

Politikken til KrF

Kristelig Folkeparti vart danna fordi mange kristne veljarar ville ha eit eige parti som arbeidde for at den kristne etikken skulle prege samfunnslivet. Parallelt med den aukande sekulariseringa i samfunnet har hovudsakene til Kristeleg Folkeparti etter kvart vorte allmenne politiske saker utan ei direkte religiøs kopling. Men ein kan likevel sjå standpunkta partiet tek, i lys av det kristne grunnsynet.

Abortspørsmålet illustrerer Kristeleg Folkeparti sin balansegang mellom å stå på det religiøse grunnsynet, men likevel vere pragmatisk. Partiet var sterkt imot sjølvbestemt abort. Ettersom det samla stortingsfleirtalet for lova vart så stort at ei lovendring ikkje var realistisk, la partiet saka bak seg i stortingskvardagen. Men fleire nye saker som òg gjeld vern av ufødd liv, til dømes regulering av gen- og bioteknologien, har kome inn i staden. Politikarar i partiet hevdar at tilbod om tidleg ultralyd for alle kvinner vil føre til eit sorteringssamfunn, der foster med Downs syndrom vert sorterte bort. Partiet åtvarar òg mot surrogati der mødrer ber fram barn for familiar ein annan stad. Den same haldninga gjeld spørsmålet om eggdonasjon. Eggdonasjon inneber at egget som vert befrukta, vert gitt av ei anna kvinne enn ho som ber fram barnet, og som vert biologisk og sosial mor. KrF ønskjer ikkje at eggdonasjon skal verte tillate ved private klinikkar eller i det offentlege helsevesenet i Noreg.

Familiepolitikken er ei kjernesak for Kristeleg Folkeparti. Partiet vil leggje til rette for at familiane sjølve kan velje korleis dei organiserer barnepass og yrkestilknyting. Partiet fekk gjennomslag for kontantstøtteordninga, som inneber at dei som ikkje bruker barnehagetilbodet for eittåringar, får økonomisk støtte. På den måten skal det vere mogleg å vere heimeverande for ein av foreldra medan barna er små.

Omsorgssaker og miljøsaka er saksområde der politikken til Kristeleg Folkeparti er forankra i den kristne etikken. Partiet ønskjer at utviklingshjelpa skal liggje på eit høgt nivå, og vil òg lyfte fattige grupper i Noreg. I miljøsaker arbeider Kristeleg Folkeparti for naturvern og for lågare nasjonale klimautslepp. Partiet er imot oljeboring i havområda utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja. Miljøpolitikken vert sett i samanheng med forvaltaransvaret: Skaparverket må forvaltast skjønsamt, heiter det i partiprogrammet.

Når det gjeld språkpolitikk, vil Kristeleg Folkeparti «verne og styrkje norsk språk generelt og nynorsk spesielt» (arbeidsprogrammet 2013–17). Med få unntak har partiet røysta for dei språkpolitiske tiltaka målrørsla har prioritert. Meir enn dei fleste har Kristeleg Folkeparti framheva prinsippet om minst 25 prosent nynorsk i radio- og fjernsynsprogramma frå NRK, og partiet går inn for meir bruk av nynorsk i massemedia. Partiet har lenge meint at skriftleg opplæring i både nynorsk og bokmål skal vere obligatorisk både i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen, og at læremiddel må liggje føre på nynorsk og bokmål til same tid og til same pris. Med omsyn til målbruken til veljarane står partiet klart sterkare blant nynorskbrukarar enn blant bokmålsbrukarar.

Ideologi

Ideologisk er Kristeleg Folkeparti eit verdikonservativt parti. Den etikken partiet er tufta på, meiner dei skal gjelde for alle. Over tid er denne konservative ideen tona ned, i og med at store grupper av befolkninga kan ha eit verdisyn tufta på ein annan etikk. I dei seinare partiprogramma vert det slått fast både at partiet byggjer politikken sin på Bibelen, og at det må vere grenser for kva den felles politikken skal femne om. Frå det konservative utgangspunktet har såleis gjennomføringssida av politikken gått i meir liberal retning. Når grunngivingane Kristeleg Folkeparti vanlegvis bruker, over tid har vorte meir allmenne, vert på den eine sida appellen breiare, på den andre sida vert partiet meir likt dei andre partia. På landsmøtet våren 2013 fjerna partiet den såkalla vedkjenningsparagrafen, som kravde at dei tillitsvalde i partiet må vere personleg kristne. Heretter er det tilstrekkeleg om dei tillitsvalde vil arbeide for eit kristent verdigrunnlag. Denne endringa gjer det lettare for personar med ei anna tru å vere aktivt med i Kristeleg Folkeparti.

Men jamvel om det kan skimtast ei utvikling frå det konservative utgangspunktet i meir liberal retning, er partiet framleis verdikonservativt etter norsk målestokk. Internt i partiet er det rivningar mellom dei meir tradisjonelle, som vil ha ei sterkare understreking av det kristne grunnlaget, og dei som har gått i bresjen for ein breiare profil. Det er òg spenningar internt om den økonomiske politikken. Med omsyn til samla skattenivå og storleiken på den offentlege sektoren står ein del av partimedlemene ikkje så langt frå sentrum-venstre-partia, medan ein annan del kjenner seg godt heime i leiren til dei ikkje-sosialistiske partia.

Ein kjerneverdi for Kristeleg Folkeparti er fellesskap. Det er gjennom fellesskap med andre at mennesket realiserer seg sjølv. Menneske høyrer heime i fellesskapar, heiter det i partiprogrammet. Men det er ikkje berre den nasjonale, politiske fellesskapen det vert sikta til. Også frivillige organisasjonar er døme på viktige fellesskapar. Og fellesskapen i familien, som tradisjonelt spring ut av ekteskapet mellom kvinne og mann, som det heiter i programmet frå 2013, er i denne tankegangen den mest grunnleggjande fellesskapen.

Historie

Kristeleg Folkeparti vart skipa i 1933 fordi det mellom kristne aktivistar var misnøye med eit Venstre som ikkje var eit klart interesseparti for dei kristne og hadde fleire veljargrupper å ta omsyn til. Det var på Vestlandet dei først såg behovet for eit nytt parti. Partiet vart skipa i Bergen, og den første stortingsrepresentanten var frå Hordaland. Kristeleg Folkeparti stod på den ikkje-sosialistiske sida, men i den første tida var partiet først og fremst oppteke av å fremje saker med eit kristent innhald.

Det var Ingebrigt Bjørø som tok initiativet til skipinga, og han vart den første leiaren for partiet. Stiftinga skjedde på Bibelskolen i Bergen 4. september 1933. Den første stortingsrepresentanten og ein formande politikar dei første åra, Nils Lavik, var ikkje der. Han var vararepresentant for Venstre på Stortinget i skipingsåret. Men han sa etter kvart ja til å stille som førstekandidat for Kristeleg Folkeparti ved 1935-valet.

I regjeringsposisjon i siste halvdel av 1960-åra stod Kristeleg Folkeparti fast på dei kulturkonservative verdiane. I 1970-åra var partiet sterkt imot lovframlegget om sjølvbestemt abort. Etter at sjølvbestemt abort vart vedteke, nekta først Kristeleg Folkeparti å vere med i ei regjering som ikkje ville oppheve abortlova. Men etter kvart endra haldninga seg. Det såg ut som utsiktene til å få endra lova var små, og partiet gjekk inn i regjeringssamarbeid med dei andre ikkje-sosialistiske partia i 1983.

Kjell Magne Bondevik, leiar i partiet frå 1983 til l995, vann fram med ei sentrumslinje for dei tre mellompartia Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre. Bondevik vart Kristeleg Folkeparti sin statsminister i to periodar, sist i 1990-åra med mellompartia og først på 2000-talet saman med Høgre og Venstre. I den første perioden hadde han berre støtte frå 42 av dei 165 representantane på Stortinget, men Bondevik kunne i den første statsministerperioden, 1997–2000, manøvrere politikken til mellompartia mellom partia som stod til venstre og høgre.

Kjell Magne Bondevik i samband med at Aung San Suu Kyi besøkte Oslo i 2012, nesten tjue år etter at ho vart tildelt Nobels fredspris. Foto: Sjur Stølen / Aktiv i Oslo, Aktiv I Oslo.no på Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Kjell Magne Bondevik i samband med at Aung San Suu Kyi besøkte Oslo i 2012, nesten tjue år etter at ho vart tildelt Nobels fredspris. Foto: Sjur Stølen / Aktiv i Oslo, Aktiv I Oslo.no på Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

I Bondeviks tid fekk partiet fleire bein å stå på, appellen var ikkje i same grad som før berre for dei kristne. Den politiske kursendringa vart forsterka då Valgerd Svarstad Haugland tok over leiarvervet i 1995. Den inkluderande haldninga til ein annan av topp-politikarane i partiet, Jon Lilletun, verka òg til å skape eit nytt inntrykk av Kristeleg Folkeparti blant veljarane. I 1997 gjorde partiet det beste valet nokon gong og fekk nesten 14 prosent av røystene ved stortingsvalet. Partiet hadde ei eiga reformsak som det vart mykje diskusjon om, kontantstøtteordninga, og partiet markerte seg dessutan godt i diskusjonar om eldreomsorga. Ved stortingsvalet i 2001 gjorde Kristeleg Folkeparti på nytt eit svært godt val og fekk 12 prosent av røystene. Bondevik vart igjen statsminister i eit regjeringssamarbeid, no mellom Kristeleg Folkeparti, Venstre og Høgre.

Kristeleg Folkeparti vedtok før 2013-valet, etter å ha vore utan særleg innverknad under regjeringsperioden til dei raudgrøne partia i 2005–13, at dei ville støtte danninga av ei ikkje-sosialistisk regjering der også Framstegspartiet eventuelt var med. Etter til dels skarpe meiningsutvekslingar mellom representantar frå Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti i perioden 2013–2017 i somme saker vart det klart at eit fleirtal i KrF ville markere større avstand til Framstegspartiet før 2017-valet. Representantar frå venstresida vona at Kristeleg Folkeparti ville skifte frå borgarleg til raudgrøn side, men KrF var klare på at det dei primært ønskte ei regjering med Høgre, Venstre og Kristeleg Folkeparti. Før 2017-valet var ikkje dette eit særleg realistisk alternativ.

Sentrale politikarar

Nils Lavik var den første stortingsrepresentanten for Kristeleg Folkeparti, vald inn for partiet i 1935. Han hadde før Kristeleg Folkeparti vart stifta, vore med i Venstre og var vararepresentant for Venstre i 1931–1935. Lavik hadde bakgrunnen sin frå Det Vestlandske Indremisjonsforbund. Han var stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti frå 1935 og fram til 1953, parlamentarisk leiar alle åra han sat på Stortinget, og han var leiar for partiet frå 1938 til 1951. For Lavik var det kristne og det politiske ein naturleg einskap, solid forankra i indremisjonsverdiane som han var.

Kjell Bondevik sat på Stortinget frå 1949 til 1965, då han vart kyrkje- og undervisningsminister i den ikkje-sosialistiske regjeringa. Som kyrkje- og undervisningsminister i 1965–71 stod han i sentrum av kulturstriden og fekk kritikk frå liberalt hald. Bondevik var ein sterk og handlekraftig politikar, som stod på prinsippa sine, og det vann han òg respekt for.

Kåre Kristiansen høyrde til i den konservative fløya og var ein av dei dominerande politikarane i partiet frå 1960-åra og fram til 1990-åra. Han stod nær Høgre politisk og ivra for samarbeid med dei ikkje-sosialistiske partia. Han oppfatta nokre av partifellane som for venstrevridde og for liberale i abortspørsmålet. Tilhøvet til Kjell Magne Bondevik var i mange år konfliktfylt, også då begge sat i partileiinga.

Kjell Magne Bondevik gav Kristeleg Folkeparti ein breiare profil. Partiet var ikkje berre for dei kristne. Bondevik var statsminister i to av dei tre periodane då partiet hadde statsministeren, frå 1997 til 2000 og frå 2001 til 2005. Hausten 1998 fekk Bondevik ein depressiv reaksjon medan han var statsminister. Han var open om depresjonen og var i arbeid att etter ein knapp månad. Reaksjonen kom etter ein periode med lekkasjar og intern splid i regjeringa. Frå 2001 til 2005 leidde Bondevik den andre regjeringa si.

Valgerd Svarstad Haugland var partileiar frå 1995 til 2004. Ho var småbarnsmor då ho vart topp-politikar, kunne ta seg eit glas raudvin og hadde folkeleg appell. Ho var med på å opne Kristeleg Folkeparti for nye veljargrupper.

Frå 2011 har Knut Arild Hareide vore partileiar. Han har vore ein populær og samlande leiar med ein moderne stil. Han var den første KrF-leiaren som stilte opp i «Pride-paraden», arrangert av homorørsla. Hareide markerte med det støtte til ei gruppe som regelmessig vert utsett for trakassering og hatkriminalitet. Deltakinga til Hareide førte til ein del kritikk, og til partiutmeldingar frå nokre av dei som var usamde med han. I andre tradisjonelle KrF-saker var Hareide ein attkjenneleg KrF-leiar.

Knut Arild Hareide blir intervjua av NRK medan han deltek i «Pride-paraden» i 2016. Foto: Erik F. Brandsborg, Human-Etisk Forbund, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Knut Arild Hareide blir intervjua av NRK medan han deltek i «Pride-paraden» i 2016. Foto: Erik F. Brandsborg, Human-Etisk Forbund, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Veljarprofil og organisasjon

Kristeleg Folkeparti fekk 158 475 røyster ved stortingsvalet i 2013, det vil seie 5,6 prosent av røystene. Det gav partiet ti stortingsmandat, av desse var fem utjamningsmandat. Partiet hadde 345 lokallag ved utgangen av 2014 og nesten 30 000 medlemer. Som tidlegare år har Kristeleg Folkeparti eit mykje større medlemstal i høve til røystetalet enn det dei andre partia har. Til dømes har partiet tre gonger fleire medlemer enn det SV eller Venstre har, endå desse partia har relativt like røystetal.

Når det gjeld veljarprofil, har Kristeleg Folkeparti på 2000-talet om lag den same oppslutninga i ulike yrkesgrupper. Partiet er overrepresentert mellom dei med låg inntekt. Litt fleire kvinner enn menn stemmer på partiet. Partiet har svært høg oppslutning frå dei som er medlemer i ein religiøs organisasjon, samanlikna med veljarane generelt. Partiet er svært underrepresentert blant dei som stiller seg passive til religion. Kristeleg Folkeparti står klart sterkast på Vestlandet og Sørlandet, medan partiet er kraftig underrepresentert langs Oslofjorden og på det indre Austlandet. Partiet står sterkare i område med spreidd busetnad enn i tettbygde strok.

Dei viktigaste organisasjonsledda i partiet er landsmøtet, landsstyret, sentralstyret og arbeidsutvalet, og dessutan fylkes- og lokallaga. Landsmøtet er det øvste organet i partiet og er i regelen samla annakvart år. Mellom landsmøta er landsstyret det øvste styringsorganet, og det er samla minst éin gong kvart år. Landsstyret er sett saman av sentralstyret (inkludert leiarane av ungdomsorganisasjonen og kvinneorganisasjonen til partiet), nestleiarane i kvinne- og ungdomsorganisasjonen, leiaren frå kvart av fylkeslaga, tre representantar frå stortingsgruppa og to frå dei tilsette i partiet. Sentralstyret er sett saman av partileiaren og dei to nestleiarane, leiaren i kvinne- og ungdomsorganisasjonen, fem landsmøtevalde medlemer, leiaren av stortingsgruppa og ein frå dei tilsette i partiet.

Kristeleg Folkepartis Ungdom er ungdomsorganisasjonen til partiet.

I 2015 var inntektene til Kristeleg Folkeparti 46 millionar kroner. 69 prosent av inntektene var offentleg støtte, 29 prosent kom frå eiga verksemd. 13 prosent av inntektene var medlemskontingent, og det var ingen andre parti som hadde så stor del av inntektene frå eiga verksemd. Berre 0,6 prosent av inntektene kom frå organisasjonar i arbeidslivet eller kommersielle føretak, medan nærmare sju prosent var bidrag frå einskildpersonar. Valkampbudsjettet til partiet før 2013-valet var på 1,75 millionar kroner, ifølgje ei oversikt.

To kristne dagsaviser som kjem ut i Noreg, er Vårt Land, stifta i 1945, og Dagen, som har kome ut sidan 1918. Vårt Land har eit større opplagstal enn Dagen. Dagen har ein meir konservativ kristen profil. Dei to avisene har inga formell tilknyting til Kristeleg Folkeparti, men det kristne stoffområdet dei dekkjer, er relevant for mange av kjerneveljarane til partiet.

Kjelder

Hallvard Nordås, telefonsamtale 8.7.2013

Frode Berglund, Ingvild S. Reymert og Bernt Aardal. Valgundersøkelse 2009. Dokumentasjonsrapport. Notater 29/2011. Statistisk sentralbyrå, Oslo 2011

Berge Furre: Vårt hundreår. Norsk historie 1905–1990. Oslo 1992

Hilda Nyfløt og Reidar Solberg: «Valgkamp i knestående», Dagens Næringsliv 10.8.2013

Renold Tennysen Christopher og Marita Skeie: «– Hareide er en medlemsmagnet» og «Medlemstall politiske partier 2011 og 2012», NRK Hordaland, publisert 7.3.2013 https://www.nrk.no/hordaland/medlemmene-svikter-frp-1.10939144 [lesedato 28.7.2013]

Annika Bohnenblust (NTB): «Hareide i Pride-paraden: – Angår oss alle sammen», Fædrelandsvennen, publisert 25.6.2016: http://www.fvn.no/nyheter/norge_og_verden/Hareide-i-Pride-paraden---Angar-oss-alle-sammen-438517b.html [lesedato 19.3.2017]

«Data om det politiske system», NSD Norsk samfunnsvitskapleg datateneste: http://www.nsd.uib.no/polsys/regjering/ [lesedato 28.7.2013]

Tine Dommerud og Karen Tjernshaugen: «KrF: Eggdonasjon er et marked der barnet blir en vare som bestilles», Aftenposten, publisert 5.1. 2017: http://www.aftenposten.no/norge/politikk/KrF-Eggdonasjon-er-et-marked-der-barnet-blir-en-vare-som-bestilles-612380b.html [lesedato 10.3.2017]

«Finansiering av politiske partier, 2015». Statistisk sentralbyrå, ssb.no: https://www.ssb.no/valg/statistikker/partifin/aar/2016-09-12?fane=tabell&sort=nummer&tabell=276956 [lesedato 19.3.2017]

Olav Garvik og Knut Are Tvedt: «Kristelig Folkeparti», Store norske leksikon, snl.no: http://snl.no/Kristelig_Folkeparti [lesedato 28.7.2013]

Odd Sverre Hove: «Kjell Bondevik», Norsk biografisk leksikon, snl.no: http://nbl.snl.no/Kjell_Bondevik/utdypning [lesedato 28.7.2013]

«Kommunestyre- og fylkestingsvalget, kandidater og representanter, 1. oktober 2015», Statistisk sentralbyrå, publisert 28.1.2016, ssb.no: https://www.ssb.no/kommvalgform/ [lesedato 19.3.2017]

«KrFs landsmøte 2015. Årsmelding», krf.no: https://krf.no/globalassets/vedlegg/landsmote/2015/arsmelding-krf-2013---2014_krfs-landsmote-2015.pdf [lesedato 19.3.2017]

«Landsoversikt – Stortingsvalget», Kommunal- og moderniseringsdepartmentet, regjeringa.no: https://www.regjeringen.no/html/kmd/valgresultat/2013/bs5.html [lesedato 19.3.2017]

Nettstaden til Kristeleg Folkeparti: http://www.krf.no/ikbViewer/page/krf/forside [lesedato 28.7.2013]

NTB: «KrF-Hareide hudflettet Per Sandberg på direktesendt radio», Verdens Gang, vg.no, publisert 19.2.2015: http://www.vg.no/nyheter/innenriks/frp/krf-hareide-hudflettet-per-sandberg-paa-direktesendt-radio/a/23399549/ [lesedato 19.3.2017]

NTB/Rana Blad: «Boka om KrF er her», ranablad.no: http://www.ranablad.no/Innenriks/article3763981.ece [lesedato 28.7.2013]

Astrid Dalehaug Norheim: «KrF fjerner bekjennelsesparagrafen», Dagen, publisert 26.4.2013: http://www.dagen.no/2013/04/26/samfunn/hanne_marie_pedersen-eriksen/grete_kvelland_skaara/gallupvekst/127989 [lesedato 28.7.2013]

Paul Odland: «Nils Lavik», Norsk biografisk leksikon, snl.no: http://nbl.snl.no/Nils_Lavik/utdypning [lesedato 28.7.2013]

Erling Rimehaug: «Kjell Magne Bondevik», Norsk biografisk leksikon, snl.no: http://nbl.snl.no/Kjell_Magne_Bondevik/utdypning [lesedato 28.7.2013]

Store norske leksikon: «Kåre Kristiansen», Norsk biografisk leksikon, snl.no: http://nbl.snl.no/K%C3%A5re_Kristiansen/utdypning [lesedato 28.7.2013]

Peikarar

Nettstaden til Kristeleg Folkeparti 

Kristeleg Folkeparti sitt partiprogram 2017–21 

Først publisert: 20.08.2013
Sist oppdatert: 01.08.2017