Hopp til innhold

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun, filolog og forfattar frå Elverum som framsnakkar mangfaldet i det norske språket. Som transperson har ho vore ei tydeleg stemme i ordskiftet om å få bruke pronomenet «hen».

Kristin Fridtun er fødd 9. november 1987 i Elverum og bur no i Lillehammer. Ho tok mastergraden i norrøn filologi ved NTNU i Trondheim i 2011. Frå 2011 til 2012 arbeidde ho i Stadnamntenesta.

Fridtun har skrive artiklar og essays i ulike tidsskrift og antologiar. Sidan 2009 har ho vore fast spaltist i avisa Dag og Tid. I 2012 gav ho ut boka Norsk etymologisk oppkok. Du veit ikkje kva du snakkar om, der ho skriv humoristisk om opphavet til mange av kvardagsorda vi omgir oss med. Boka Kjønn og ukjønn. Ordhistoriske essay (2015) er eit bidrag i kjønnsdebatten. Fridtun tek her tak i ordet «kjønn» og utfordrar den automatiserte måten vi snakkar om kjønn på. I boka Homoflokar (2018) tek ho utgangspunkt i si eiga historie som homo og transperson for å finne ut korleis det eigentleg står til med den norske homotoleransen. I 2019 gav ho ut boka Språket er ei bukse. Om biletbruken i norsk språkdebatt.

Fridtun har vore aktiv i det offentlege ordskiftet som homofil og transperson. Ho bruker både pronomena «ho» og «hen» om seg sjølv.

I 2019 gav Språkrådet henne Språkprisen for framifrå bruk av norsk språk i sakprosa.


Kjelder

E‑post frå Kristin Fridtun 9.9.2019

 

Kristin Fridtun, forfattarside, samlaget.no: https://samlaget.no/collections/kristin-fridtun [lesedato 19.3.2020]

Nettstaden til Kristin Fridtun, kristinfridtun.com: https://kristinfridtun.com/ [lesedato 19.3.2020]

 

Peikarar

Kristin Fridtun: «Språkportrettet», prosa.no, publisert 17.4.2018

Andrea Rygg Nøttveit: «Kristin Fridtun får Språkprisen 2019», publisert 18.11.2019: framtida.no, publisert 18.11.2019

Skeivt arkiv: «Kristin Fridtun (født 1987)», intervju, skeivtarkiv.no, publisert 25.2.2019

Først publisert: 13.08.2020
Sist oppdatert: 13.08.2020