Hopp til innhold
X
Innhald

Krokodille

Krokodillar, Crocodylia, er ein orden av krypdyr. Det finst 21 artar i varme strøk i alle verdsdelar med unnatak av Europa.
Krokodillane har flatt hovud, kraftige kjevar og ein øgleliknande kropp med korte bein. Kroppen er dekt av hornplater som utgjer eit panser. Krokodillane har kloakk. Dei legg 6—100 egg. 

Krokodillane er rovdyr og lever både på land og i vatn. Dei vert inndelte i tre familiar. Den eine er eigentlege krokodillar. Ein typisk representant er nilkrokodillen. Dei lever i dag berre i sumpområde i afrikanske reservat. Dei kan verte 6—7 m lange og vege 1000 kg. Store dyr kan angripe menneske. Den andre familien er alligatorar. Dei er mindre enn nilkrokodillen og lever i USA og i Kina. I Mellom- og Sør-Amerika lever deira slektning kaimanen. Den tredje familien av krokodillar er gavialar. Gangesgavialen held til i India og i Søraust-Asia. Han kan verte 5 m lang. 

Krokodillane opptredde første gong i kritperioden.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.10.2012
Sist oppdatert: 26.04.2017