Antoni Gaudí y Cornet
Antoni Gaudí y Cornet, 1852–1926, var spansk arkitekt.
I arkitekturen sin sameina han gotiske og mauriske element i ein svært særprega og ekspressiv versjon av art nouveau. Som eit av hovudverka hans reknar ein katedralen Sagrada Familia, der bygginga starta i 1884, men endå ikkje er ferdig. Andre viktige verk er Casa Güell (med parkanlegg) og leigegarden Casa Milà (1905–10). Alle desse er i Barcelona.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Sist oppdatert: 05.10.2016