Hopp til innhold
X
Innhald

Holger Sinding-Larsen

Holger Sinding-Larsen, 1869–1938, var arkitekt og arkeolog.

Han teikna mellom anna Vålerengen kirke (1902) og Universitetsbiblioteket (1913) med fasadar i grovhogd stein, og den nye aulaen ved universitetet i gresk klassisk stil saman med Harald Bødtker (1911), alle i Oslo. I tillegg utforska Sinding-Larsen bygningshistoria til Akershus festning og arbeidde med restaureringa i 1905–22.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.10.2016
Sist oppdatert: 06.10.2016