Hopp til innhold
X
Innhald

Josef Hoffmann

Josef Hoffmann, 1870–1956, var austerriksk arkitekt og designar.

Hoffmann utforma ein særprega forenkla jugendstil med vekt på kvadratet som dekorativ grunnform. Han var også blant leiarane i Wiener Secession og Wiener Werkstätte. I 1912 grunnla han Österreichischer Werkbund. Mellom hovudverka hans finn ein Palais Stocklet (1905–11) i Brussel.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.10.2016
Sist oppdatert: 05.10.2016