Hopp til innhold
X
Innhald

Karl Friedrich Schinkel

Karl Friedrich Schinkel, 1781–1841, var tysk arkitekt og ein framståande nyklassisist.

Schinkel stod mellom anna bak Schauspielhaus (1818–21) og Altes Museum (1822–30), begge i Berlin. I samarbeid med Christian Heinrich Grosch fekk han stor innverknad på utforminga av universitetsbygningane i Christiania i 1840–53. Schinkel bygde også kyrkjer i nygotisk stil og utan historiske stilelement.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.10.2016
Sist oppdatert: 06.10.2016