Hopp til innhold
X
Innhald

Nicolai Eigtved

Nicolai Eigtved, 1701–54, var dansk arkitekt og hoffbyggmeister.

Hovudverket til Eigtved er Frederiks hospital, no Kunstindustrimuseet, der bygginga starta i 1752, og Amalienborg med fire like palé omkring ein åttekanta plass (1749–54), begge i København. Eigtved var ein av representantane for dansk rokokko.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.10.2016
Sist oppdatert: 05.10.2016