Hopp til innhold
X
Innhald

Pierre François Henri Labrouste

Pierre François Henri Labrouste [labrost], 1801–75, var fransk arkitekt.

Labrouste er særleg kjend for dristig og elegant bruk av jern og stål som konstruktivt og dekorativt element. Hovudverket hans er St. Geneviève-biblioteket (1843–51) og lesesalen i Bibliothèque Nationale (1853–75) i Paris.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.10.2016
Sist oppdatert: 05.10.2016