Hopp til innhold
X
Innhald

Victor Horta

Victor Horta, 1861–1947, var belgisk arkitekt og designar innanfor art nouveau.

I Brussel finn ein dei mest kjende arbeida hans, som Hôtel Tassel (1892), Hôtel van Eetvelde (1895) og hans eigen bustad (1898), no Horta Museum. Horta brukte synlege jernbjelkar og organisk ornamentikk. Han var oppteken av korleis bygningen verka som heilskap og utarbeidde sjølv alle detaljar, som møblar, dørklinker og matbestikk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.10.2016
Sist oppdatert: 05.10.2016