Hopp til innhold

Lávvu

Lávvu er det samiske namnet på ein telttype med rette stenger eller sperrer som er føydde saman i ei kjegleform øvst.

Les meir om Lávvu

Akvedukt

Akvedukt (av aquae, ’vatn’ og ductus, ’leie’) er ein vassleidning som følgjer det naturlege løpet til vatnet i ei jamt skrånande renne, i tunnel gjennom høgder, eller mest kjent, som brukonstruksjonar av arkadar i éin eller fleire etasjar.

Les meir om Akvedukt

Altan

Altan (av latin altus, ’høg’) er eit høgt framspringande bygningselement som dannar ein utandørs opphaldsstad.

Les meir om Altan

Art deco

Art deco [ar dekå] (av fransk art décoratif, ’dekorativ kunst’) var ei stilretning i arkitektur, brukskunst og design i 1920- og 30-åra.

Les meir om Art deco

Mastaba

Mastaba (arabisk ’benk’) er ein tidleg egyptisk gravbygningstype med rektangulært grunnplan, skrå vegger og flatt tak, dvs. med form som ein avskoren pyramide.

Les meir om Mastaba

Parterre

Parterre [partærr] (fransk, ’ved jorda’) er symmetrisk planting av blomsterrabattar og låge buksbomhekkar som er plasserte aksialt framfor eit slott eller ein herregard.

Les meir om Parterre

Queen Anne-stil

Queen Anne-stil er ei engelsk nemning på ein seinbarokk stilfase innanfor arkitektur og møbelkunst på byrjinga av 1700-talet i England og Frankrike.

Les meir om Queen Anne-stil

Slott

Slott (av tysk Schloss, avleidd av geschlossen, ’lukka’) er ein representativ bygning for fyrste, konge eller adel, opphavleg med festningsverk.

Les meir om Slott

Wigwam

Wigwam var ei kjegle- eller kuppelforma hytte av bork over ei ramme av greiner eller trespilar hos skogindianarar i Nord-Amerika.

Les meir om Wigwam

Abakus

Abakus (av semittisk abaq, ’tavle’) er ei plate øvst i kapitelet, som den vassrette bjelken (arkitraven) kviler på i greske søyleordenar.

Les meir om Abakus

Arkitekt

Arkitekt (av gresk arkhos, ’leiar’, og tekton, ’byggmeister’, dvs. overbyggmeister) er ei nemning på ein person med teknisk og kunstnarisk utdanning.

Les meir om Arkitekt

Arkivolt

Arkivolt (italiensk) er ein boge som bind saman to vertikale bygningsdelar, til dømes søyler, og som blir borne av desse.

Les meir om Arkivolt

Bungalow

Bungalow (av hindi, eigentleg ’bengalsk’) var opphavleg einetasjes bygningar med veranda der europearane budde i India i kolonitida.

Les meir om Bungalow

Castrum

Castrum (av latin; fleirtal castra) er ein romersk feltleir som er planlagd etter eit oppdelt rutenett med to hovudgater som kryssar kvarandre i rett vinkel.

Les meir om Castrum

Epitaf

Epitaf eller epitafium (latin, av gresk epi, ’over, ved’, og tafos, ’grav’) er eit gravmæle med innskrift.

Les meir om Epitaf

Fronton

Fronton [frɔtˈɔ] er ein dekorativ klassisk tempelgavl over midtpartiet på ein bygning eller over dører og vindauge.

Les meir om Fronton

Karyatide

Karyatide (av gresk ’prestinne frå Karyai’ i det antikke Hellas) er ein kvinnestatue som vart brukt som berande søyle, til dømes Erekhtheion på Akropolis i Athen.

Les meir om Karyatide

Labyrint

Labyrint (gresk labyrinthos) er ein bygning, figur eller liknande med eit innvikla system av gangar eller rom der berre éin veg fører ut eller inn.

Les meir om Labyrint

Møbel

Møbel (av latin mobilis, ’flyttbar’) er nemning på innreiingsgjenstandar som kan flyttast, som bord, stolar, senger og skåp.

Les meir om Møbel

Neue Sachlichkeit

Neue Sachlichkeit (tysk ’ny saklegheit’) er ei stilretning som oppstod i Tyskland i 1920-åra som ein hyllest til det enkle og nøkterne, i sterk opposisjon til den kjensleladde ekspresjonismen i biletkunsten og seinromantikken i musikken.

Les meir om Neue Sachlichkeit

Nygotikk

Nygotikk er ei stilretning i arkitektur og kunstindustri innanfor historismen på 1800-talet som etterliknar gotisk formspråk frå mellomalderen.

Les meir om Nygotikk

Taburett

Taburett (av fransk tabouret, frå tambour, ’tromme’) er ein liten, rund stol utan rygg eller armlene, med tre eller fire bein.

Les meir om Taburett

Triforium

Triforium (av latin, tri og foris, ’opning’) er ei dekorativ rekkje med bogeopningar over arkaden og under klerestoriet i mellomalderbasilikaer.

Les meir om Triforium

Ziggurat

Ziggurat eller zikkurat (akkadisk ’å rage høgt’) er ein trinnpyramide i minkande storleik, krona med eit lite tempel.

Les meir om Ziggurat