Hopp til innhold
X
Innhald

Abakus

Abakus (av semittisk abaq, ’tavle’) er ei plate øvst i kapitelet, som den vassrette bjelken (arkitraven) kviler på i greske søyleordenar.

Dei vart også brukte i Egypt i oldtida og i Europa i mellomalderen.

Abakus tyder også kuleramme, og desse er framleis i bruk i land som Russland og Kina.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.09.2016
Sist oppdatert: 20.10.2016