Hopp til innhold
X
Innhald

Akvedukt

Akvedukt (av aquae, ’vatn’ og ductus, ’leie’) er ein vassleidning som følgjer det naturlege løpet til vatnet i ei jamt skrånande renne, i tunnel gjennom høgder, eller mest kjent, som brukonstruksjonar av arkadar i éin eller fleire etasjar.

Akveduktane førte vatn over lange strekningar. I dag forbind vi akveduktar mest med vassystema i Romarriket. Til dømes finn vi godt bevarte akveduktar i Nîmes i Frankrike og Tarragona i Spania. Det fanst også akveduktar i andre og eldre kulturar rundt Middelhavet og i Midtausten.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.09.2016
Sist oppdatert: 21.10.2016