Hopp til innhold
X
Innhald

Art deco

Art deco [ar dekå] (av fransk art décoratif, ’dekorativ kunst’) var ei stilretning i arkitektur, brukskunst og design i 1920- og 30-åra.

Retninga er prega av elegant form, og er ein forenkla og meir geometrisk orientert versjon av den tidlegare art nouveau-stilen. Omgrepet art deco som stilnemning vart først teke i bruk i midten av 1960-åra.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.09.2016
Sist oppdatert: 21.10.2016