Hopp til innhold
X
Innhald

Atrium

Atrium (latin ’sal’) var det sentrale rommet i romerske privathus frå antikken.

Atria hadde ikkje vindauge, men ei lysopning i taket og basseng under for regnvatn. Ordet er også brukt om forgarden til romerske heilagdommar og tidlege kristne basilikaer, og om uterom i dagens atriumhus.

Eit atriumhus er ein einebustad i éin etasje der romma er vende inn mot ein lukka gard eller hage.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.09.2016
Sist oppdatert: 20.10.2016