Hopp til innhold
X
Innhald

Domus

Domus (latin ’hus’) tyder hus eller bustad.

Omgrepet blir ofte brukt om det romerske privathuset, som hadde to hovuddelar: eit større sentralrom (atrium) og ein open søylegard (peristyl). Rundt atriet fanst det ei rekkje små siderom. Representasjonsrommet på kortsida av atriet, midt imot inngangen på huset, kalla ein tablinum.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.09.2016
Sist oppdatert: 21.10.2016