Hopp til innhold
X
Innhald

Hagekunst

Hagekunst er utforming av parkar og hagar.

Dei hengande hagane til Semiramis i Mesopotamia i oldtida er særleg kjende. Hos romarane var hagekunsten høgt utvikla, og i mellomalderen stod klostera i ei særstilling.


Renessansehagane er karakteriserte ved geometriske oppdelingar og bruk av vassfontener. Baroniet i Rosendal har ein godt bevart renessansehage frå 1670-åra. Under barokken vart den franske hagen utforma, mellom anna i Versailles, med symmetri som viktigaste prinsipp. Med rokokkoen kom eit brot med den stive barokkhagen, og med førromantikken kom den naturlege engelske stilen med store plenar, «naturlege» bekker og treklyngjer der uorden og overraskingar var viktige prinsipp. I romantikken innførte ein også mellom anna paviljongar og kunstige ruinar.


Den engelske stilen spreidde seg raskt, og han har også inspirert anlegg i vår tid. Den kinesiske og japanske hagen er eit miniatyrlandskap som søkjer å gi ei poetisk oppleving av naturen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.09.2016
Sist oppdatert: 20.10.2016