Hopp til innhold
X
Innhald

Historisme

Historisme er eit omgrep med fleire tydingar.

For det første viser det til ei retning innanfor arkitektur og kunstindustri på 1800-talet i Europa (i Noreg om lag 1850–1910) som gjenoppliva og etterlikna eldre stilartar, slik at ein fekk nemningar som nygotikk, nyrenessanse, nybarokk og nyrokokko.

For det andre viser historisme til ein tendens innanfor humanistiske vitskapar til å leggje avgjerande vekt på historiske forhold i tolking av menneskelege aktivitetar som litteratur, kunst og filosofi.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.09.2016
Sist oppdatert: 21.10.2016