Hopp til innhold
X
Innhald

Labyrint

Labyrint (gresk labyrinthos) er ein bygning, figur eller liknande med eit innvikla system av gangar eller rom der berre éin veg fører ut eller inn.

Den første kjende labyrinten er Minotauros-labyrinten på Kreta. I overført tyding blir ordet brukt om eit innfløkt problem som ein lett går seg vekk i.

Adjektivet labyrintisk blir brukt om noko som er innvikla (som ein labyrint).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.09.2016
Sist oppdatert: 20.10.2016