Hopp til innhold
X
Innhald

Mansardtak

Mansardtak er eit skråtak som er knekt i to soner.

Den nedste er steilare og har gjerne vindauge. Taka kan vere to- eller firesidige, og dei har fått namnet sitt etter den franske arkitekten François Mansard (1598–1666).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.09.2016
Sist oppdatert: 31.10.2016