Hopp til innhold
X
Innhald

Meander

Meander er eit ord med fleire tydingar.

For det fyrste er meander namnet på eit antikt, geometrisk ornament som er brukt både i arkitektur og keramikk. Det er eit spiralmønster eller det kan vere rettvinkla, og ein finn det gjerne i bandform. (jf. springande hund).

Det har namn etter elva Maiandros, no Menderes, i Vesleasia etter dei mange slyngane hennar.

For det andre er altså ordet brukt om elveslyngar, som ein finn i dalbotnar og deltaområde der elvar har lite fall. Dei blir danna ved at elva grev i ytterkanten av svingane og avset materiale i innerkanten. Meandrar kan også snu seg av sjølve elveløpet og bli små innsjøar (kroksjøar).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.09.2016
Sist oppdatert: 21.10.2016