Hopp til innhold
X
Innhald

Normannisk stil

Normannisk stil er ei nemning på ein romansk arkitekturstil som vart utvikla mellom 1000 og 1100 i Normandie.

Han vart etter kvart introdusert i England og dei delane av Sør-Italia og Sicilia som vart erobra av normannarane. Stilen fekk også innpass i Noreg, og døme på bygg i normannisk stil er Stavanger domkirke og Mariakirken i Bergen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.09.2016
Sist oppdatert: 31.10.2016