Hopp til innhold
X
Innhald

Parterre

Parterre [partærr] (fransk, ’ved jorda’) er symmetrisk planting av blomsterrabattar og låge buksbomhekkar som er plasserte aksialt framfor eit slott eller ein herregard.

Parterre er eit sentralt element i renessansehagen og den franske barokkhagen.

Ordet blir også brukt om tilskodarplassar på golvnivå i ein teatersal, bak parketten.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.09.2016
Sist oppdatert: 21.10.2016