Hopp til innhold
X
Innhald

Presbyterium

Presbyterium (av gresk, eigentleg ’forsamling av dei eldste’) er ein del av ei kyrkje som er avsett til presteskapet.

Dette var apsis i tidleg kristen tid og koret i mellomalderen. I ortodokse kyrkjer er det området bak ikonostasen. Presbyterium er også brukt som namn på uavhengige bustadhus for presteskapet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.09.2016
Sist oppdatert: 21.10.2016