Hopp til innhold
X
Innhald

Pylon

Pylon (gresk ’port’) er ein portbygning der inngangen er flankert av to tårn.

Slike bygningar vart brukte som inngangsparti til gammalegyptiske tempel. Ordet kan også vise til ein pilar på ei hengebru som støttar berekabelen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.09.2016
Sist oppdatert: 21.10.2016