Hopp til innhold
X
Innhald

Stadion

Stadion (gresk) er opphavleg eit gresk lengdemål som var lik 600 greske fot (ca. 192 m).

I antikken var det namnet på ei kappløpsbane med form som eit langstrekt rektangel og omgitt av tilskodarplassar. Stadionet i Olympia var 1 stadion langt. Dei moderne stadiona er også idrettsplassar, som regel med ei 400 m lang kappløpsbane ytst og ei fotballbane innanfor. Alternativt kan dei til dømes ha skøytebaner.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.09.2016
Sist oppdatert: 24.10.2016