Hopp til innhold
X
Innhald

Stavkyrkje

Stavkyrkje er ein skandinavisk kyrkjetype i tre frå mellomalderen som er oppført i stavverk, med komplisert konstruksjon.

Det nesten kvadratiske hovudrommet blir bore av høge hjørnestolpar som kviler på sviller. Eit rammeverk (stavlægje) bind hjørnestolpane saman, og veggborda er felte inn i desse. Taket er bratt med sperrer som er stiva av.

Utvendig er stavkyrkjene kjenneteikna av dei mange sponkledde taka som reiser seg over kvarandre frå svalgangen til spiret over takryttaren og av dei gapande drakehovuda på møna. Særprega er den rike utsmykkinga, særleg av portalane, som er eit høgdepunkt i den norske treskjerarkunsten i mellomalderen.

Den eldste stavkyrkja er Urnes (ca. 1050), som har gitt namn til Urnes-stilen, som vart utbreidd over heile Nordsjø-området mellom ca. 1050 og 1150. Særleg kjende og utbreidde er stavkyrkjene i Noreg, og det har vore meir enn 750 stavkyrkjer her i landet. Ca. 28 er i dag bevarte i meir eller mindre god stand.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.09.2016
Sist oppdatert: 24.10.2016