Hopp til innhold
X
Innhald

Stoa

Stoa (gresk, eigentleg ’søylehall’) er ei nemning på ein antikk bygningstype.

Stoaen er ein stor, overdekt offentleg søylehall, gjerne inndelt i fleire skip. Mest kjend er Stoa Poikile ved torget i Athen, der filosofen Zenon verka som lærar. Frå dette har ein fått nemninga stoikar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.09.2016
Sist oppdatert: 24.10.2016