Hopp til innhold
X
Innhald

Taburett

Taburett (av fransk tabouret, frå tambour, ’tromme’) er ein liten, rund stol utan rygg eller armlene, med tre eller fire bein.

Taburettane vart frå omkring 1400-tallet brukte ved hoffet som sitjeplass for privilegerte personar medan kongen eller dronninga var til stades. I overført tyding blir ordet brukt om statsrådembete.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.09.2016
Sist oppdatert: 24.10.2016