Hopp til innhold
X
Innhald

Ziggurat

Ziggurat eller zikkurat (akkadisk ’å rage høgt’) er ein trinnpyramide i minkande storleik, krona med eit lite tempel.

Slike pyramidar er også forsynte med trapper og ramper, men har ikkje innvendige rom. Zigguraten er kjend frå bibelforteljinga om tårnet i Babel. Den best bevarte zigguraten finn ein i Ur, og han er frå ca. 2125–2025 f.Kr. Liknande byggverk hadde ein også i det samtidige Egypt og langt seinare hos indianarane i Mellom-Amerika.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.09.2016
Sist oppdatert: 24.10.2016