Alcázar
Alcázar (spansk forvansking av arabisk al kasr, ’borga’) er namn på fleire gamle slott i Spania.
Alhambra
Alhambra (arabisk al-hamra, ’det raude’) er ei borg som vart bygd på 1200–1300-talet på ei klippe ved Granada i Spania.
Amalienborg
Amalienborg
Amalienborg er eit slottsanlegg i København med fire rokokkopalé omkring ein åttekanta plass med ein ryttarstatue av Frederik V, laga av J.F.J. Saly.
Biedermeier
Biedermeier var ei stilretning i den tyske, austerrikske og skandinaviske interiør- og møbelkunsten mellom ca. 1820 og 1840, med røter i seinempire.
Buckingham Palace
Buckingham Palace
Buckingham Palace har vore den offisielle residensen for den britiske monarken i London sidan 1837.
Charlottenborg
Charlottenborg er eit slott ved Kongens Nytorv i København.
Christiansborg slott
Christiansborg slott er namn på fleire slott i København.
Crystal Palace
Crystal Palace (engelsk ’Krystallpalasset’) er ein banebrytande kjempebygning i London av glas og jern, på 565 m × 125 m.
Der Zwinger
Der Zwinger
Der Zwinger er eit slott i Dresden og eit av dei mest elegante og viktigaste slottsanlegga frå den tyske barokken.
Diokletian-termane
Diokletian-termane er eit kolossalt badeanlegg i Roma frå ca. 300 e.Kr. som er godt bevart.
Dogepalasset
Dogepalasset
Dogepalasset [dådzje-] (italiensk Palazzo Ducale) var regjeringsbygning for Venezia og residens for dogen.
Drottningholm
Drottningholm
Drottningholm er eit kongeleg lystslott på Lovön i Mälaren i Sverige.
Élysée-palasset
Élysée-palasset (fransk Palais de l'Élysée) er eit palass i Paris som vart bygd i 1718 av Mollet.
Eremitasjen
Eremitasjen er eit statleg museum for kunst- og kulturhistorie i St. Petersburg.
Escorial
Escorial er eit stort slott i gråkvit granitt i aude trakter, 50 km nordvest for Madrid.
Gravmælet til Theoderik
Gravmælet til Theoderik er eit monument i Ravenna i Italia som vart oppført då Theoderik den store døydde i 526.
Gripsholm
Gripsholm
Gripsholm er eit svensk slott som er bygd på ei øy i Mälaren.
Guildhall
Guildhall
Guildhall er rådhuset i London City.
Invalidedomen
Invalidedomen eller St. Louis-kyrkja er ei kyrkje i Paris som vart innvigd i 1706.
Kreml
Kreml (russisk ’borga’) var namnet på den indre borga i russiske byar i mellomalderen.
Kronborg
Kronborg
Kronborg er eit festnings- og slottsanlegg i renessansestil ved Helsingør i Danmark.
Kölnerdomen
Kölnerdomen
Kölnerdomen er ein katedral i Köln. Han er den største gotiske katedralen i Tyskland.
La Scala
Louvre
Louvre
Louvre [lovr] er eit kongeslott i Paris som vart bygd på 1200-talet.
Luxembourg-paleet
Luxembourg-paleet
Luxembourg-paleet (fransk Palais du Luxembourg) er eit slott i Paris som vart bygd for enkedronning Maria av Medici mellom 1615 og 1624.
Markuskyrkja
Markuskyrkja (italiensk Basilica di San Marco) er hovudkyrkja i Venezia.
Notre-Dame
Notre-Dame
Notre-Dame [nåtrədam] (fransk ’vår frue’) er ein katedral i Paris der bygginga byrja i unggotisk stil i 1163 og vart fullført i høggotisk stil på 1200-talet.
Palais royal
Palais royal [pale roajal] (fransk ’det kongelege palasset’) er eit palass i Paris som vart bygd for kardinal Richelieu mellom 1629 og 1636.
Peterskyrkja
Peterskyrkja
Peterskyrkja (italiensk San Pietro in Vaticano) er ein femskipa basilika i Roma som vart innvigd i 326, og var bygd over gravmonumentet til apostelen Peter.
Petersplassen
Petersplassen (italiensk Piazza di San Pietro) er plassen framfor Peterskyrkja i Roma.
Rialtobrua
Rialtobrua (italiensk Ponte di Rialto) er ei kjend bru over Canal Grande i Venezia.
Rosenborg slott
Rosenborg slott
Rosenborg slott er eit kongeleg lystslott i København.
Rundetårn
Rundetårn er eit astronomisk observatorium og tårn for Trinitatis kirke i København.
Sacré-Cœur
Sacré-Cœur
Sacré-Cœur [sakre-kør] (fransk ’(Jesu) heilage hjarte’) er ei kyrkje på Montmartre i Paris som vart bygd mellom 1875 og 1900 i bysantinsk stil.
Saint Denis klosterkyrkje
Saint Denis klosterkyrkje
Saint Denis klosterkyrkje [sɛdəni] er ei gravkyrkje ved Paris for dei franske kongane.
Saint Paul’s Cathedral
Saint Paul’s Cathedral
Saint Paul’s Cathedral er ei kjend kyrkje i London og ei av dei største kyrkjene i verda.
Sainte-Chapelle
Sainte-Chapelle
Sainte-Chapelle [sɛtsjapell] er ei slottskyrkje i Paris frå 1240-åra.
Sanssouci
Sanssouci [sãsosi] (fransk ’sorgfri’) var sommarresidens for Fredrik den store i Potsdam ved Berlin.
Stockholm slott
Stockholm slott er den offisielle residensen til den svenske kongen.
Sukkebrua
Sukkebrua
Sukkebrua (italiensk Ponte dei Sospiri; bokmål Sukkenes bro) er ei bru over ein kanal i Venezia mellom Dogepalasset og byfengselet.
Titusbogen
Tower of London
Tower of London (engelsk ’London-tårnet’) er ei kongeborg der den eldste delen er frå 1078.
Trianon
Tuileriane
Tuileriane [tyil-] er eit kongeslott i Paris som vart bygd frå 1564 og slått saman med utvidingane av Louvre.
Uffizi
Uffizi (italiensk Palazzo degli Uffizi, ’kontorpalasset’) er ein bygning i Firenze som vart bygd i 1560–74 til administrasjonen av huset Medici.
Vasilij-katedralen
Vasilij-katedralen er ein katedral i Moskva som vart bygd i 1555–60.
Vierzehnheiligen
Vierzehnheiligen
Vierzehnheiligen (tysk ’Dei 14 heilage’) er ei valfartskyrkje i Bayern i Tyskland.
Villa Farnesina
Villa Farnesina (opphavleg Villa Chigi) er ein praktvilla i Roma.
Westminster Abbey
Westminster Abbey
Westminster Abbey er ei kroningskyrkje i London frå 1066.