Hopp til innhold
X
Innhald

Amalienborg

Amalienborg er eit slottsanlegg i København med fire rokokkopalé omkring ein åttekanta plass med ein ryttarstatue av Frederik V, laga av J.F.J. Saly.

Anlegget vart oppført i 1749–54 for adelen, og arkitekt var Nicolai Eigtvedt. Sidan 1794 har det vore i kongefamilien sitt eige, og eit av palea fungerer som monarkresidens.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.10.2016
Sist oppdatert: 27.10.2016