Hopp til innhold
X
Innhald

Christiansborg slott

Christiansborg slott er namn på fleire slott i København.

Det første Christiansborg slott vart oppført i 1731–45. Det var kongeleg residensslott til det brann i 1794. Slottet vart bygd opp att mellom 1803 og 1828, men brann igjen i 1884. Det noverande Christiansborg slott er teikna av Thorvald Jørgensen og oppført i 1907–28. Det rommar i dag Folketinget, Højesteret og representasjonslokale for kongehuset.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.10.2016
Sist oppdatert: 31.10.2016