Hopp til innhold
X
Innhald

Crystal Palace

Crystal Palace (engelsk ’Krystallpalasset’) er ein banebrytande kjempebygning i London av glas og jern, på 565 m × 125 m.

Han vart oppført på rekordtid av prefabrikkerte element til verdsutstillinga i 1851. Arkitekt var Sir Joseph Paxton. Bygningen vart øydelagd av brann i 1936.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.10.2016
Sist oppdatert: 31.10.2016