Hopp til innhold
X
Innhald

Diokletian-termane

Diokletian-termane er eit kolossalt badeanlegg i Roma frå ca. 300 e.Kr. som er godt bevart.

Hallen for bad i lunka vatn (tepidarium) vart omdanna til kyrkja Santa Maria degli Angeli i 1560-åra. Andre delar inngår i det tilstøytande Museo Nazionale, med store samlingar av antikke skulpturar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.10.2016
Sist oppdatert: 31.10.2016