Hopp til innhold
X
Innhald

Drottningholm

Drottningholm er eit kongeleg lystslott på Lovön i Mälaren i Sverige.

Det vart oppført i 1662–96 etter teikningar av Nic. Tessin d.e. Slottskyrkja og delvis innreiinga er av Nic. Tessin d.y. Teateret, som framleis er i bruk til klassiske operaer, vart fullført i 1764–66. Drottningholm har vore permanent kongebustad sidan 1981.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.10.2016
Sist oppdatert: 02.11.2016