Eremitasjen
Eremitasjen er eit statleg museum for kunst- og kulturhistorie i St. Petersburg.
I samband med Vinterpalasset lét Katarina II i 1764–84 oppføre den gamle Eremitasjen for den kjende kunstsamlinga si. Bygningen vart utvida på midten av 1800-talet av den tyske arkitekten Leo von Klenze til det noverande Eremitasjepalasset. Palasset rommar svært imponerande kunstsamlingar, mellom anna den største Rembrandt-samlinga i verda. Dessutan husar det eit etnografisk museum og ei avdeling for kunstindustri.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Sist oppdatert: 31.10.2016