Escorial
Escorial er eit stort slott i gråkvit granitt i aude trakter, 50 km nordvest for Madrid.
Det vart bygd i 1563–84 av Juan de Herrera for Filip II. Slottet er brukt som gravplass for dei spanske kongane. I dag rommar det ei målerisamling og eit bibliotek. Escorial står på UNESCO-lista over kultur- og naturarven i verda.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Sist oppdatert: 05.10.2016