Hopp til innhold
X
Innhald

Gripsholm

Gripsholm er eit svensk slott som er bygd på ei øy i Mälaren.

Det vart grunnlagt av Bo Jonsson Grip, som kjøpte staden i 1381. Den noverande bygningen byrja Gustav Vasa på i 1537, men slottet har bevart parti frå mellomalderen. Slottet husar i dag eit historisk museum. Det er også eit godt bevart slottsteater frå 1781 i nyklassisistisk stil der.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.10.2016
Sist oppdatert: 02.11.2016