Hopp til innhold
X
Innhald

Invalidedomen

Invalidedomen eller St. Louis-kyrkja er ei kyrkje i Paris som vart innvigd i 1706.

Arkitekt var J. Hardouin-Mansart. Ho er del av det bygningskomplekset som blir kalla Hôtel des Invalides, som vart oppført under Ludvig XIV og seinare utvida av Napoleon I som heim for krigsskadde. I dag rommar bygningen eit militærmuseum. I tillegg har sarkofagen til Napoleon vore der sidan 1840.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.10.2016
Sist oppdatert: 31.10.2016