Hopp til innhold
Kölnerdomen i Tyskland. Foto: MiskiSanko, Flickr.com. CC BY-NC 2.
Kölnerdomen i Tyskland. Foto: MiskiSanko, Flickr.com. CC BY-NC 2.
X
Innhald

Kölnerdomen

Kölnerdomen er ein katedral i Köln. Han er den største gotiske katedralen i Tyskland.

Kölnerdomen er femskipa med 157 m høge tårn. Koret vart reist mellom 1248 og 1322 i franskpåverka høggotikk. Katedralen vart fullført etter dei originale teikningane mellom 1842 og 1880. Han vart skadd under den andre verdskrigen, men er no restaurert.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.10.2016
Sist oppdatert: 02.11.2016