Hopp til innhold
X
Innhald

Kronborg

Kronborg er eit festnings- og slottsanlegg i renessansestil ved Helsingør i Danmark.

Anlegget vart bygd i 1574–85. Frå Kronborg kontrollerte ein trafikken gjennom Øresund, som det var toll på. Hamlet av Shakespeare utspelar seg her. Kronborg står på verdsarvlista til UNESCO. Sidan 1915 har slottet romma eit museum.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.10.2016
Sist oppdatert: 02.11.2016