Hopp til innhold
X
Innhald

Peterskyrkja

Peterskyrkja (italiensk San Pietro in Vaticano) er ein femskipa basilika i Roma som vart innvigd i 326, og var bygd over gravmonumentet til apostelen Peter.

Den opphavlege kyrkja vart riven av pave Julius II for å gi plass til sentralbygningen til arkitekten Donato Bramante med ein stor kuppel over ein gresk kross. Planen frå 1506 vart endra fleire gonger, mellom anna med ein høgare kuppel av Michelangelo og eit langhus av Maderna, som øydela sentralideen.

Peterskyrkja er den nest største kyrkja i verda, etter katedralen i Yamoussoukro i Elfenbeinskysten. Peterskyrkja er 212 m lang, 141 m høg og har ein kuppeldiameter på 42,5 m.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.10.2016
Sist oppdatert: 04.11.2016