Hopp til innhold
Sacré-Cæur i Paris. Foto: kraen, Flickr.com. CC BY-NC-ND 2.
Sacré-Cæur i Paris. Foto: kraen, Flickr.com. CC BY-NC-ND 2.
X
Innhald

Sacré-Cœur

Sacré-Cœur [sakre-kør] (fransk ’(Jesu) heilage hjarte’) er ei kyrkje på Montmartre i Paris som vart bygd mellom 1875 og 1900 i bysantinsk stil.

Sacré-Cœur er også nemninga på ein kult som har stor utbreiing i den katolske kyrkja; hjartet er symbol på Kristi kjærleik. Dessutan er det namnet på fleire organisasjonar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.10.2016
Sist oppdatert: 08.11.2016