Hopp til innhold
X
Innhald

Saint Paul’s Cathedral

Saint Paul’s Cathedral er ei kjend kyrkje i London og ei av dei største kyrkjene i verda.

Kyrkja har ein enorm kuppel og vart bygd i 1675–1710. Ho er rekna som eit av høgdepunkta i den engelske barokken. Saint Paul’s Cathedral er kjend for det akustiske fenomenet i Whispering Gallery, der ein kan høyre kviskring tvers over kuppelen. Arkitekt var Sir Christopher Wren.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.10.2016
Sist oppdatert: 08.11.2016