Hopp til innhold
X
Innhald

Uffizi

Uffizi (italiensk Palazzo degli Uffizi, ’kontorpalasset’) er ein bygning i Firenze som vart bygd i 1560–74 til administrasjonen av huset Medici.

Det har manieristisk stil, og arkitekt var Giorgio Vasari. Uffizi husar eit av dei mest kjende kunstmusea i verda, men også nasjonalbibliotek og statsarkiv.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.10.2016
Sist oppdatert: 31.10.2016