Hopp til innhold
World Trade Center-tvillingtårna i New York som rasa saman 11. september 2001.
World Trade Center-tvillingtårna i New York som rasa saman 11. september 2001.
X
Innhald

World Trade Center

World Trade Center er eit kompleks på Manhattan i New York av seks bygningar, inkludert to tårn på 415 og 417 m, med 110 etasjar.

Det stod ferdig i 1973 og var den største kontorbygningen i verda med arbeidsplass for ca. 50 000 menneske og mykje turisme. Tårna vart knuste og rasa saman då to kapra fly krasja i dei i eit stort terrorangrep mot USA 11. september 2001.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.09.2016
Sist oppdatert: 24.10.2016