Hopp til innhold
X
Innhald

Empirekvartalet

Empirekvartalet er eit panelt tømmerhusmiljø som vart ført opp på første halvdel av 1800-talet ved Akersgata i Oslo av arkitektane Grosch og Pousette.

Det vart rive i 1954 og 1962 for å skaffe plass til ein ny regjeringsbygning. Materialane låg lenge lagra på Norsk Folkemuseum. Den eldste delen, Militærhospitalet, vart gjenreist på Grev Wedels plass i Oslo 1983.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.09.2016
Sist oppdatert: 23.09.2016