Hopp til innhold
Håkonshallen i Bergen. Biletet av Arne Halvorsen er henta frå Flickr.com. CC BY-NC 2.
Håkonshallen i Bergen. Biletet av Arne Halvorsen er henta frå Flickr.com. CC BY-NC 2.
X
Innhald

Håkonshallen

Håkonshallen er ein 3-etasjes steinbygning som vart bygd i tilknyting til kongsgarden i Bergen (seinare Bergenhus) i slutten av Håkon IV si tid.

Hallen ligg i det kongelege anlegget ved Vågen og er det mest storslagne verdslege bygget frå mellomalderen. Håkonshallen er første gong nemnd i samband med bryllaupet til Magnus Lagabøte i 1261.

Håkonshallen vart restaurert i 1880–93, og mellom 1910 og 1916 fekk han dekorasjonar av Gerhard Munthe. I 1944 vart hallen øydelagd i ei eksplosjonsulukke. Deretter vart han nyrestaurert og innvigd i 1962 som konsert- og representasjonslokale. Utsmykkingane var ved mellom andre Synnøve Anker Aurdal.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.09.2016
Sist oppdatert: 24.10.2016