Hopp til innhold
X
Innhald

Hegge stavkyrkje

Hegge stavkyrkje er ei stavkyrkje i Øystre Slidre kommune i Valdres, og ho ligg i Hamar bispedøme. Kyrkja er truleg bygd i første halvdel av 1200-talet.

Opphavleg hadde Hegge stavkyrkje eit rektangulært skip og eit litt smalare kor, der både skip og kor hadde heva midtrom. Rundt kyrkja var det ein svalgang. Årringdateringar viser at tømmeret til den opphavlege delen av kyrkja truleg er felt i 1216. I dag er kyrkja ei langkyrkje med rektangulært skip og eit smalare korparti. På begge langsider er ytterveggene flytte ut dit svalgangsveggen tidlegare gjekk. Gjennom tida har kyrkja fått vindauge, skifertak og utvida kor og sakristi i aust. Av den opphavlege kyrkja er det først og fremst det heva midtrommet i skipet som er bevart. 

I 1924–25 vart kyrkja restaurert, med Arnstein Arneberg som arkitekt. Også tidlegare forslag frå arkitekt Henrik Bull vart til dels gjennomførte under ombygginga. Våpenhuset og galleriet i vest vart utvida, og det vart laga himling over midtrommet. Dei åtte frittståande stavane som ber takkonstruksjonen over midtrommet, er synlege den dag i dag. Øvst på stavane er det utskorne masker, men for å kunne sjå dei må ein gå opp på loftet. Der kan ein òg studere andre delar av den opphavlege konstruksjonen. I perioden 2004–07 vart kyrkja restaurert som del av stavkyrkjeprogrammet til Riksantikvaren.

Heggeklukkelåtten

Langvega Beitadn,
Seint koma Skjeladn!
Alle seinast koma Heggjisadn!

I form etter Guri Hegge, f. Rudi

Av inventar frå mellomalderen er døypefonten i kleberstein bevart. Dessutan har vestportalen på skipet og våpenhuset to utskorne vangeportalar frå mellomalderen. Altertavla er laga av treskjeraren Østen Kjørn frå Gudbrandsdalen i 1782–83. Ho har fire kasser med utskorne figurar, som viser scener frå Bibelen, mellom anna nattverden. Tradisjonen fortel at Judas fall av altertavla då ho vart frakta frå Gudbrandsdalen, men at ein fjellvandrar seinare fann han og fekk sett han på plass.

Hegge kyrkje er den stavkyrkja som ligg høgast, 659 meter over havet. Kyrkja er framleis i bruk som soknekyrkje.

I 2016 markerte soknet 800-årsjubileet for kyrkja, med dronning Sonja til stades under jubileumsgudstenesta. I samband med jubileet vart det laga eit spel bygd på historia om altartavla, og soknerådet gav ut ei bok om kyrkja: Hegge stavkyrkje 800 år.

Kjelder

Solveig Sandberg, Inger Robøle Kristiansen, Knut Anders Dæhli og Olav Robøle: Hegge stavkyrkje 800 år. Hegge sokneråd 2016

Ivar Aars: «Heggekyrkja», Årbok for Valdres 1988, nr. 4 i serien «Kyrkja vår»

Riksantikvaren: «Hegge stavkyrkje – med eit ope loft», riksantikvaren.no: https://www.riksantikvaren.no/Tema/Kirker/Stavkirker/De-enkelte-stavkirkene/Hegge-stavkyrkje-med-eit-ope-loft [lesedato 28.2.2019]

Riksantikvaren: Hegge stavkyrkje – Dokumentasjon av stavkyrkjeprogrammet, rapport 2016, ra.brage.unit.no: https://ra.brage.unit.no/ra-xmlui/handle/11250/2421115 [lesedato 28.2.2019]

Stavkyrkjeeigarforum: «Hegge stavkyrkje», stavechurch.com: https://www.stavechurch.com/hegge-stavkirke/ [lesedato 28.2.2019]

Peikarar

Peikarar

Sigurd Christie, Ola Storsletten og Anne Marta Hoff: «Hegge kirke», i NIKU: Norges kirker på nett, norgeskirker.no http://www.norgeskirker.no/wiki/Hegge_kirke

NRK: «Haldor Hegge om altertavlen i Hegge Stavkyrkje», 1978, norge-rundt.no http://www.norge-rundt.no/video/359 NIKU: Norges kirker på nett, norgeskirker.no http://norgeskirker.no 

Først publisert: 19.11.2019
Sist oppdatert: 19.11.2019